Første utkast til koordinert bruk av Private Use Area i Unicode
Menota-prosjektet heldt eit todagars møte i samarbeid med Medieval Unicode Font Initiative (MUFI) i Bergen 30.-31. august 2003 for å drøfte koordineringa av Private Use Area i Unicode for fontar med mellomalderlege teikn. Referatet frå møtet er posta her:
Etter møtet har det vore ein svært aktiv diskusjon blant deltakarane på møtet og ein del andre engasjerte fontutviklarar og Unicode-ekspertar. Resultatet av denne diskusjonen er samla og framlagd av Odd Einar Haugen i eit første utkast til koordinert bruk av Private Use Area:
Det er håp om at dette framlegget vil bli publisert innan utgangen av oktober månad i versjon 1.0, og at det vil gje grunnlag for tilpassing av fleire Unicode-fontar - både eksisterande fontar og fontar som no er under utvikling.